Psykolog
Clinical Role Overview
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar. BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekkjer fem kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal og Eidfjord). Poliklinikken har 21 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn.
Frå har vi ledig ein 100% fast stilling som psykolog på BUP Voss. BUP'en er lokalisert i nye og flotte spesialbygde lokale i Knutepunktet Voss, som ligg på Voss stasjon.
Voss ligg i hjartet av Fjord-Noreg, midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden. Kommunen har om lag 16 000 innbyggjarar og er eit knutepunkt for buss og tog. Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda, og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping til rafting i trygge omgjevnader. På sommaren kan du boltra deg på utallege vandreruter i Vossefjella, og på vinteren har du to skisenter å velja mellom. Voss Gondol, som startar på togstasjonen og tek deg rett til fjells, går heile året.
Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram godkjend politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a.
- Utgreiing og behandling av psykiske lidingar hjå barn og unge
- Rettleiing av foreldre
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med erfaring frå utgreiing og behandling av psykiske vanskar hjå barn og unge
- For stillinga er det krav om særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Trivast i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo på arbeid
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
- Erfaring frå og ønskje om å arbeide i eit tverrfagleg team
- Erfaring med DIPS er ein fordel
- Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Høgt fagleg nivå
- Moglegheit til å gjennomføre spesialistutdanning
- Fjell og vakker natur rett utanfor kontordøra din
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook . Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
#J-18808-LjbffrReady to apply for this vacancy?
This healthcare opportunity is hosted on CV-Library. Click below to view the official posting and submit your application.
Key Details
- Date Posted: 17 Oct 2026
- Location: vossavangen
- Employment Type: Permanent
- Workplace: On-site
- Category: Physicians & Doctors
Need an updated clinical CV?
Create an ATS-optimised medical CV with professional healthcare templates.
Build Free CV NowEmployer Information
Helse Stavanger
Verified Healthcare EmployerVerified NHS trust or certified UK healthcare facility offering professional development and clinical governance.
More Jobs at Helse Stavanger